Ein makalus’e tur øve Dammen te Junaiten

Hele gjengen foran Chicago skyline!

Ein makalaus’e tur øve Dammen te Junaiten.
«In case of accident, please bring me a piece of lefse or lutefisk” (= Om uhellet skulle vera ute, ver så snill og gi meg ein lepsebete eller lutafisk). Denne teksten siterer norsk-amerikanarane i Midtvesten med stor glede. Likeeins er uttrykket «Uff da» mest blitt som eit symbol for staten Minnesota, og uttrykket møter ein i alle slags samanhengar. Dei mange reisande frå Suldal og Sauda som i sommar let gamleland vera gamleland og inntok Midtvesten i 10-12 dagar, fekk sitt eige fyndord: MAKALAUST ! For makalaust var det på ferda frå Minneapolis til Chicago, og makalaust er det enno i minnet.

Draumen
For nokre få år sidan, framførte songkoret «Gullgutane» sitt eige syngjespel om fattigdomen her heime, om vona om eit betre liv i Junaiten og om reisa over havet, i framsyninga «Farvel du Moder Norge». Ein del av tekstane (Ingvar Olimstad) og musikken (Nils Bjarne Vold) var nyskrive.
Plassfolket frå Suldal hadde sin draum for lenge sidan, «Gullgutane» hadde sin draum 150 år seinare: Tenk om ein kunne reist over, besøkt etterkomarar og vist Utvandrarspelet i nokre av dei norsk-amerikanske miljøa der borte. Som tenkt, så gjort, og i slutten av juli bar det i vesterveg, og ikkje berre med Gullgutane. Med ekstra besetning av musikarane Veerle Tieghem, Birgit Nerheim og Martin N. Haug og med damekoret «Osatrall» til framføringane, med Sauda Trekkspelklubb til å skapa stemning rundt, og med mange pårørande og medreisande supporterar, talde reiselaget nær 100 personar.

Rolf
Gjennom 4 statar, Minnesota, Wisconsin, Iowa og Illinois, bar det. Våre eigne utøvarar skal me koma tilbake til, men tilretteleggjaren og reiseleiaren Rolf Egeland frå reisebyrået Escape Travel a/s i Oslo hadde snekra saman eit storveges og interessant program, og han leia og formidla med stor pedagogisk evne. Når somme av oss tidlegare har prøvt å ta oss fram i Amerika på eiga hand, har det gjerne vore stor nok oppgåva å koma frå A til B. No vart det mellom mykje anna besøk hjå Amish-folket, denne underlege sekta som lever i fortida, isolerer seg og forkastar stort sett alle moderne innretningar. Me mønstra på hjulbåtcruice på Mississippi, fekk byomvisning både i Minneapolis og St. Paul og kom 103 etasjar opp i Sears Tower i Chicago. To trufaste bussjåførar, Tim og Chuck, vart snart ein del av gruppa og heldt stø kurs om det var på 10 felts highway eller smal gardsveg.


Her er Gullgutane i gang med «My old Kentucky home» i Country Coon Valley Prairie Church.

Koret og dirigenten
Utan «Gullgutane», ingen tur. Utan prosjektleiar og dirigent Nils Bjarne, korkje kor eller tur. Med full kontroll, i alle falltilsynelatande, og med solid støtte av profesjonelle musikarar og av dei 2 kora, drog han prosjektet i gong og fullførte med glans. 6 framføringar vart det: I Den norske Mindekirken i Minneapolis, i Country Coon Prairie Church i Westby, på utekonsert i Decorah, i aulaen på High School i Decorah, i Stoughton Operahouse og på minikonsert i aldersheimen Norwood Crossing ved Chicago. Alle stader var me midt i det mest norske ein kan finna i USA, og framvisinga av «Farvel du Moder Norge» gjekk rett til hjarta og tårekanalane på dei frammøtte. Eit lite norskkurs fekk òg publikum med seg undervegs. Arild Vaage og Atle I. Vold batt det heile saman både på suldalsmål og engelsk. «Fjedl», sa karane og heile forsamlinga repeterte «fjedl». «Makalaust», lærte dei òg, i alle fall der og då !
Ein skal ikkje undervurdera noko eller nokon, men truleg toppa det seg for mange då Nils Bjarne som solist, med støtte av kor og musikarar og etter kvart heile forsamlinga, stemde i på « My Old Kentucky home». Då var det siste av 28 nummer framført og velfortent applaus motteken. Etterpå stod det berre att for dirigenten å henta fram engelsken sin og takka, takka dei frammøtte langt inn den norskamerikanske sjela deira, før me alle reiste oss og song unisont «Ja, vi elsker». Var dirigenten i 100 undervegs, var han minst i 150 etterpå og ut over kvelden, men natta var roleg, for neste morgon var me klare igjen. Alltid i god tid !


Referenten med damer på Nordic Fest i Decorah. F.v. Sissel Moe, Kolbein, Eli T Bergjord og Kari K. Moe.

Decorah
Der finnest nok ingen meir «norsk» by i USA enn Decorah i staten Iowa. Kvar sommar vert det arrangert Nordic Fest med konsertar og underhaldningsinnslag, salsboder på rekkje og rad, lepsa og rømmegraut, mykje liv og røre, og ikkje minst parade med meir enn 100 innslag, dei fleste rullande på store bilar, traktorar og tilhengarar. I år var gjennomgangsordet «lefse», lefse i alle samanhengar. Ein glytta litt opp då ein kyrkjelyd markerte seg frå kortesjen med «Beste vegen til Jesus går gjennom lefse…» Amerikansk er det ! Gullgutane paraderte dei og, men utan lefse. Derimot følgde dei tradisjonen og delte ut karamellar av open hand til ivrige godtesamlarar langs ruta. Her heldt Sauda Trekkspelklubb konsert midt i Main Street og her heldt Gullgutane både minikonsert ute og full framsyning inne. I Decorah budde me på eit av internata til det verdskjende, norskskipa Luther College, og såleis kan me no føya til på CV’en vår at me har studert der i 2 netter.

Dei sat i buss i 13 timar
Dei venta på oss, norskamerikanarane. Kyrkjebenkjer og salar fyltest opp av kontaktsøkjande og slektssøkjande fleire-generasjons norskamerikanarar, og ikkje minst Suldal-amerikanarar. Mange budde i nærleiken, somme berre tre-fire timars køyring vekke, andre kom med buss heilt frå Nord-Dakota til Decorah. Kari frå Roalkvam og Candace av Fisketjønsfolk var mellom dei, og reisa hadde vart i 13 timar. Kva gjorde vel det når hjarta vart fylt av «Farvel du Moder Norge» og Candace i tillegg fekk møta 15 norske firmenningar og Kari møtte si eiga brordotter.
Alt i Minneapolis kom dei første. Waarvik-folk med familienamn og slektsband til den øvre Vårvikgarden ved Suldalsvatnet, møtte jamvel søskjenborn i reiselaget vårt, og Waarvik-folk med noko meir utvatna Suldalsblod frå Vårvikneset og Litlevik, møtte òg opp til konsert i «Den norske Mindekirken». Seinare kom det fleire. Etterkomarar etter Øyanes-folk (Laura Gauthun-slektningar), etter pioneremigranten Lars Bakkjen Guggedal, enda fleire av Litlevikblod og så dei som sa dei trudde dei ætta frå Suldal, men visste ikkje nærare kor ifrå. Kanskje det var i Sogn eller Gudbrandsdalen dei hadde røtene sine, men pytt, pytt. Det er truleg meir enn 150 år sidan forfedrane drog !

Tre av deltakarane fylte runde år på turen. F.v Magne Nærheim (60), Tore Ness Øye (70, Sauda) og Sigurd Fisketjønn (80).

Carole.
-Eg er 88 år, køyrer Buick og er 3. generasjons utvandrar med alle mine besteforeldre frå Suldal, seier Carole (Vårvik/Litlevik/Nordmork) Colboe Garwin . – Eg har hatt 4 turar, men ser ikkje vekk ifrå at det vert ein 5. tur til Noreg og Suldal om Vårherre vil. Ho er den lokalkjende guiden vår på dagsturen til Suldal- Wisconsin. Heilt til for eit par år sidan budde ho i det området som i si tid vart kalla Suldalsetlementet og som framleis ber namnet Suldal, der i triangelet mellom byane Mauston, Elroy og New Lisbon. Den gongen hadde dei Suldal kyrkje, Suldal Kyrkjegard, Suldal Postkontor, Suldal skule osb. Frå 1908 viser ei folketeljing at der budde 1200 av Suldals-ætt, og Suldalsmålet lydde over alt. I dag er det snautt nokon som meistrar det, men på dei fint pynta kyrkjegardane møter me mange av «dei gamle» med familienamn heimafrå. Ved foten av tårnet etter Suldal-kyrkja, vart det kor av oss alle då me stemde i med «Mellom bakkar og berg» og «Gud signe vårt dyre fedreland». Carole, med sine gode kontaktar, hadde ordna lunch for oss i East Lemonweir Church og kaffi i Elroy Library (bibliotek). Til slutt tok ho oss med til den delen av Nordmork-farmen der ho sjølv budde inntil nyleg. Me skuldar henne stor takk, men sjølv fekk Carole si store, emosjonelle oppleving i Operahuset i Stoughton, då Haldor steig fram og programmessig deklamerte «My native land/Bestemors land», og det gjekk opp for henne at det var hennar eige dikt han sa fram.

Takk for laget
Me gjorde ein humoristisk avtale i Amerika om at det som vart sagt og gjort «over there», skulle bli «over there». Den lovnaden er nok ikkje halden, forståeleg nok ! Dette referatet prøver å gi eit lite inntrykk av Gullgut-turen. Likevel må ein berre vedgå at det er mest uråd å formidla gruppe- eller åleineopplevingar på ein slik måte at dei som skal lesa om det i etterkant, får del i det same. Det får no så vera. Uansett var me 100 som ved mellomlanding i Reykjavik, kunne takka kvarandre for gildt lag og eit minne for livet. Ein MAKALAUS’E tur vart det !

Kolbein Bakka
***************************