Foredragsholder

Astrid Versto

Astrid Versto
Cres Island, Kroatia: Utsikt fra strandpromenaden mot Adriaterhavet nær landsbyen Valun

Astrid Versto, lærar, journalist, kommunikasjonsdirektør, diplomat og norsk ambassadør til Kroatia.

Astrid Versto er født i Vinje, Telemark. Ho studerte ved Telemark lærarhøgskole på Notodden, Telemark Distriktshøgskule i Bø og Norsk Journalisthøgskole i Oslo. Ho arbeidde som lærar ved Åmot skule i Vinje før ho begynte som journalist i NRK i 1985. Først var ho radiojournalist i NRK Dagsnytt, i 1991–2000 journalist i NRK Fjernsynet. Versto var nyheitsanker i Dagsrevyen, ho leia debattprogram og var sjef for magasinredaksjonen og for politisk avdeling.

I perioden 2000–2005 arbeidde Astrid Versto i Norad, først som kommunikasjonsdirektør, deretter var ho direktør i personal- og administrasjonsavdelinga. I 2005 byrja ho som kommunikasjonssjef ved Det kongelege hoff. Frå 2008 til 2012 var ho ministerråd ved den norske ambassaden i Wien. Deretter blei ho kommunikasjonssjef for utviklingssaker i utanriksdepartementet. I 2015 blei Versto utnemnd til norsk ambassadør til Kroatia og blei Telemarks fyrste kvinnelege ambassadør! Frå 2019 til 2021 har ho vore ambulerande EU-råd for utanriksdepartementet, og tenestegjort i Finland, Kroatia, Tyskland og Portugal.

I 1997 gav ho ut boka Hardingfela. Det norske nasjonalinstrumentet, saman med Halvard Kaasa.

Versto var medlem av styret i Noregs Mållag i fleire periodar og nestleiar i 1987–88. Ho var òg nestleiar i styret for Det Norske Teatret i 2004–07. Ho fekk Kringkastingsprisen i 1996 for bruken sin av nynorsk i NRK.

Kilde Allkunne

Reisekalender

Mai 2022

September 2022

Oktober 2022