MSC1013630 Ship MSC Magnifica 1

Verda rundt på cruise

Publisert: 30. desember 2019

Korleis er det å vere 120 dagar på cruise?

- No som verdsreisa er gjennomført, sit vi faktisk heime og lengter attende!

I fjor reiste Hallvard Møgster og kona Inger Helene på verdscruise for første gong. Om du tenkjer på å gjere det same, bør du lese Hallvard si ærlege beretning:

Å gjere reise rundt heile jorda tilgjengeleg for alle som vil, er av heller ny dato. Det italienske rederiet MSC hadde si første jordomsegling 4. januar til 2. mai 2019, og den turen var vi med på.

Men korleis er det å vere 120 dagar om bord i ein og same båt? Er det nok aktivitetar, blir det kjedeleg, kva med sjøverk, matlei, lengte heim, kostbart og for fysisk passiv? Korleis ville det bli å leve så tett på einannan i fire månader? Det var nok av skeptiske spørsmål.

No er reisa gjort for vår del. Vi sit att med svært gode erfaringar etter ei vakker og vellukka reise. Og så lengtar vi attende. Dette må vi gjere fleire gongar! At det er så enkelt og praktisk å gjere ei slik reise, skulle vi visst før. Då hadde ikkje dette vore vår første verdsreise. Her har vi alle ein god reisebodskap å bringe vidare. Våg å reise på World Cruise, det er heilt ufarleg og lett gjennomførleg. Bon Voyage!

WORLD CRUISE MAP LP 49248 49043

Her er reiseruta, med start i Civitavecchia utanfor Roma.

Lang og spanande reiserute

Vi gjekk om bord i hamnebyen til Roma, Civitavecchia 4. januar. Resten av passasjerane kom på i Genova, Marseille og Barcelona. Sidan mange hadde singellugar var det ikkje plass til meir enn 2300 gjestar, pluss ca 1000 tilsette. Gjestane kom frå 47 land, mest frå Frankrike, Tyskland, Italia, Sveits og Spania. Vi var 30 frå Norge.

Vi var innom 32 land og 50 hamner. Vanlegvis kom vi inn kl 07.00 og gjekk kl 18.00 same dag. Men i større byar var vi to dagar. Lengst var vi i Stillehavet, der vi var innom 10 hamnar. Nokre stader brukte vi anker. Då vart det sett opp taxibåt kontinuerleg. Ofte låg vi ved kai heilt i sentrum av byen. Dersom kaia låg utanfor sentrum, blei det sett opp gratis shuttlebuss.

Fire stopp i Middelhavet, ut Gibraltar og vidare til Madeira. Over Atlanterhavet til Karibien. Der hadde vi sju stopp. Gjennom Panamakanalen og nordover heilt opp til San Fransisco. Åtte stopp mellom kanalen og Frisco. Rett vest til Hawaii og vidare til Tahiti og fleire øyar i Polynesia. Ni dagar til kai i vakre New Zealand og Australia. Så to dagar i Singapore. Malaysia, Thailand, Sri Lanka og Maldivene fekk vi også oppleve. Så bar det vidare til Arabiske Emirater, Oman og Jordan. Til slutt gjennom Suez-kanalen og via Kreta og Sardinia attende til Civitavecchia.

Vi hadde fint ver det meste av reisa. Båten låg fint i sjøen og brukte stabilisatorutstyr når det var litt bølger.

Skipet Magnifica

Skipet tek over 3000 passasjerar og er ca 300 m langt. 1260 lugarar, 16 dekk, ca 100.000 tonn og ein toppfart på 23 knop. Skipet er bygd 2009 og er svært godt utstyrt for slike reiser.

Alt er lagt tilrette for at gjestane skal ha det fint, aktivt, trygt, triveleg og godt om bord. Kvar kveld får vi eiga info avis med morgondagens program levert i lugaren, ca 50 forskjellege aktivitetar å velje mellom. Alt frå løping/symjing/gym/yoga, sjakk, undervisning, matlaging, språk og eg veit ikkje kva. Kjempemasse tilbod kvar dag.

To store og fleire små sjøbasseng. Solstolar overalt, og barar ute og inne. Veldig reint og ryddig og med gode høve for fysisk aktivitet. Flott og praktisk båt, og det var alltid ledig stol eller solseng. Alltid nokon som finne gode løysingar når det trengs. Og mest 24/7 opningstid i kafeen. Men ein bør passe matinntaket. Vekta kan auke ...

Mannskap og service

Alle tilsette om bord praktiserte same idé, å lage ei god reiseoppleving for gjestane. At det er mogeleg å a så positiv og smilande i så lang tid i møte med dei same gjestane! Ja, møtet med dei tilsette - frå 53 nasjonar - var eit av høgdepunkta på reisa. Kontakten med alle frå kaptein til kelner var god. Hadde vi noko som måtte ordnast, vart det ordna. Dei fleste kunne både engelsk og fransk. All informasjon var gitt på seks språk! Sidan reisa var såpass lang, blei vi også godt kjend med mange av mannskapet. Det var kjekt.

Verdscruise 2

Å bli kjent med dei som jobba om bord i var noko av det beste med cruiset.

Mat, måltid og drikke

Frukost i buffetrestauranten frå kl 06.30 til 11.00. Lunsj i same restaurant frå kl 11.30 til 15.00. Middag med fast bordsetning kl 18.00 (eller kl 20.30) Buffeen var stor, flott, variert og vakker. Svært mykje å velje mellom. Frukosten likeeins. I tillegg kunne ein få mat stort sett heile døgnet i kafeen.

Middagen var dagens festmåltid. Fast kelner og alltid god stemning. God mat, men lite grønsaker! Vi hadde vanleg «drikkepakke» til lunsj og middag, det vil seie fritt val av vin, øl, vatn og brus. Ein del klaga på maten, men dei måtte ha problem med seg sjølve eller vore heilt bortskjemde heime. Ja, ein god del av gjestane hadde nok i lang tid ete mykje for mykje! Overvekt var svært synleg.

Det er nok ei utfordring å finne ein meny som høver for 47 nasjonar. Men Magnifica greidde det bra.

Verdscruise 23

Maten var god! Med mykje god mat over lang tid gjeld det å ikkje ete for mykje ...

Gjestane

Som sagt kom vi frå 47 nasjonar, så det var ei svært samansett gruppe.

Franske gjestar tok seg stort sett av klaginga. Dei klaga på det meste, og det var nok ei utfordring for mannskapet. Men dei lytta alltid og prøvde å ordne det dei kunne. Det er lærerikt å dele hus, mat, måltid og samvær med så mange nasjonar i så lang tid. Vi likte å bli kjend med så mange nye. Ja, vi har også fått vener vi kjem til å besøke når tida høver.

Program og utflukter

Det var 15 utflukter inkludert i vår billett. I tillegg kunne vi kjøpe ekstra utflukter til alle hamnar. Etter kvart lærde vi også å kjøpe utflukter direkte på kaia, og då til ein mykje rimelegare pris. Tilboda var mange og spennande, og dersom utfluktene ikkje vart slik det stod i programmet, fekk vi redusert pris eller pengane attende. Vi er aktive gåarar og gjekk ofte lange turar når vi var under land. Båten har kontantlaust opplegg. Alt går via nøkkelkortet/kredit.

Kvar kveld var det gallaframsyning i den store teatersalen med plass til 1200. Svært profesjonelt opplegg. Ca 50 dansarar, musikarar og songarar var fast med heile turen. I tillegg kom det heile tida om bord nye underhaldarar som var med nokre dagar. I mange hamnar kom også lokale underhaldarar på besøk. Veldig bra underhaldningstilbod heile tida.

Fysisk aktivitet

Det var godt lagt til rette for fysisk aktivitet. Det var gangløype på ca 500 m, mange basseng og massasjestampar og eit stort og godt utstyrt treningsstudio. Alt dette var til fritt bruk. Massasje og liknande terapi var kjempedyrt! Men sikkert bra for dei som hadde råd til det. Vi valde å alltid bruke trapper framfor heis. Det var god trim. Ca 10.000 steg dagleg var vanleg.

Solstolar og rasteplassar

Solsenger vart sett ut kvar morgon. Det var nok til alle og plassert over alt. Dette førde til at vi fekk lite bruk for vår lugarbalkong. Om ein ikkje vil ligge i kø, var det alltid plassar der ein kunne vere mest aleine i sola. Bassenga hadde oppvarma sjø, og alt uteområde vart vaska dagleg. Barar og drikkestasjonar var over alt, og isvatn kunne ein hente i kaffeen 24/7. Det var avsett eit lite uteområde for røykjarar. Alle fellesområde ute/inne var røykfrie.

Undervisning

Dagen før ny hamn var det undervisning om byen, landet, historia og kva vi kunne oppleve. I tillegg var det førelesningar om historie, kultur, geografi, helse og det meste. Det einaste vi sakna, var gudstenester. I påska var det ein katolsk prest (gjest) som tilbaud messe nokre dagar. 120 dagar utan allsong, var trist. Sakna fellessongen.

I tillegg kunne ein delta og lære det meste om bord. Svært godt fagtilbod. Alt program og aktivtetar var inkludert i billetten. Ja, det aller meste var inkludert i billetten!

Kva land/by likte vi best?

New Zealand og Australia var i ei klasse for seg. Reint, vakkert, gjestmild og imponerande. California (der vi har budd i fleire år) vart ein nedtur. Klasseskillet med svært mange heimlause som låg ute var tydeleg. Politikk var mest tabu, og det var mykje kontroll og strenge vakter. California, og spesielt Los Angeles, kan ein godt kutte ut. Ein dag i LA vil for dei fleste vil koste nokre tusen kroner.

Polynesia var spanande og heilt nytt for oss. Der var vi varmt velkomne. San Juan/Puerto Rico og Colombia var flott. Eit ekstra pluss til Aruba. Panamakanalen er imponerande. Singapore er i ein klasse for seg, med mykje å oppleve, men dyrt.

Maldivene stod høgt på lista over det vi gledde oss mest til. Vi hadde ikkje utflukt til dyre resort og valde å bruke tida i og rundt byen Male, men det vart ein nedtur. Dei som valde å ta utflukt til kostbare resort på øyane, opplevde landet annleis. Vakkert, reint og venleg. Dei Arabiske Emiratane og Oman var gull, glitter, luksus og religion. Ganske lærerikt, men ikkje serviceinnstilt. Alt er for og av pengar.

Aqaba i Jordan var greit, og Kreta var topp. Suez-kanalen er både imponerande og spennande. Med 62 dagar i hamn og 57 dagar på havet var det ei grei fordeling. Vi vart ikkje lei verken land eller sjø.

Prisar, økonomi og tips

Grunnprisen for heile turen inkludert drikkepakke og 15 utflukter var kr 113.500 per person. Dette i delt dobbellugar innvendig. Balkong kosta ca kr 50.000 ekstra per person. I tillegg kunne ein få større lugar, suite, auka drikkepakke, fleire utflukter og kva ein måtte ønska. Vi sette inn pengar direkte frå debet-/kredittkort til nøkkelkortet, som vi igjen brukte til å betale med ved kjøp om bord. Det som positivt stod att på nøkkelkortet ved avmønstring, fekk ein tilbakebetalt kontant. Valuta om bord var euro.

Tips var opp til kvar enkelt gjest å ordne. Ein kunne betale samla sum direkte til resepsjonen, ordne det ved bestilling, eller gje direkte til dei ein ville. Vi valde det siste, og det fungerte fint. Dei tilsette vi snakka med, sa dei var fornøgde med løna si. Dei hadde nettoløn på ca 1100 euro/mnd. Pluss alt fritt. Kle, sko, mat og lugar. Offiserane og leiarar hadde ulikt lønsopplegg.

Klima og værforhold

Vi hadde regn i San Fransisco og i Singapore, resten av reisa var sol. Vi var litt innom to stormar med bølger over 8 meter, men båten låg roleg i sjøen og dei brukte stabilisatorar når bølgene var høge. Det var vinterkaldt i Middelhavet og langs California, resten var sommar. Bassenga hadde 28 C sjøvatn. Stampane hadde 38 C.

Verdscruise 18

Slik kan livet også vere på cruise.

Kvifor passa dette oss so

Prisen var heilt ok. Landa og hamnene vi var innom var spennande, spesielt øyane i Polynesia. Vi har alltid hatt lyst å vitje New Zealand og Australia, men ikkje hatt høve før. Kvidde oss også for den lange flyreisa. Men med båt vart alt så mykje enklare ...

Vi likte å ha det aller meste inkludert i billetten. 119 dagar på reise, utan å måtte skifte rom er jo praktisk. Lugaren vart vår trufaste heim på reisa. Litt liten, men stor nok. Dusj og toalett fungerte fint. Vi vaska det meste av eigne kle sjølve. Lugaren vart ordna/vaska to gongar dagleg. Heile tida!

Vi trengde ikkje tenkje logistikk i det heile. Alt gjekk av seg sjølv. Eller rettare, det vart ordna av dyktig mannskap som gjorde alt dei kunne for at vi skulle oppleve ei god reise.

Verdscruise 25
Verdscruise 15

Epilog

Takk til Escape som ordna turen for oss (anja@escape.no) Takk til 1000 personar som dagleg jobba for oss. Takk til alle som møtte oss med smil og velkomst over alt. Takk til oss sjølve so